Pensjonistar - `Ferie utan koffert` og `Kaffikos med Ingeborg`


'Ferie utan koffert' er eit tilbod for alle over 65 år. Er du litt yngre kan du berre lyge på alderen så får du vere med du og. 

Me samlast den første tysdagen kvar månad. Rundt kl.10.00 står kaffien ferdig med noko godt attåt. Me brukar god tid på samvær og ein prat. Så er det litt program, kva me gjer på varierer fra gong til gong. 

"Feriedagen" vert avslutta med ein god felles middag. Me er ferdige rundt kl 14.00

´Kaffikos med Ingeborg` Kvar fredag står kaffien klar på Bygdaheimen rundt kl. 13.00 for då kjem Ingeborg på besøk for ein prat. Det blir ikkje bare kaffikos, men me syng også nokre av dei gode gamle norske songane. Heøyres dette freistande ut? Ikkje nøl, men kon på besøk du også. Fredagar, altså, mellom 13.00 og 14.30. Du er hjarteleg velkomen!

 

Tilbake